Innhold

Oppvekst på Sunnmøre - En minneoppgave

Litt bakgrunn:

Mine svigerforeldre, Marta Baade Ringset og Nils Edvard Ringset, har -hver for seg - satt varige spor etter seg i sin hjembygd og landet.

Nils Edvard var bonde,organisasjonsmann og politiker og er behørig omtalt annet sted.

Marta Ringset hadde sin virksomhet hjemme og i nærmiljøet og hun har selv sagt at “…For meg var likevel det å være husmor og gardkone det viktigste av alt…Ein måtte koke og vaske og elles stelle for born og gamle. I lange bolkar-ja heile år-var det arbeidsfolk som skulle ha mat på bordet til kvart måltid. Ein måtte vere i fjøset kveld og morgon. Bar det mot vår,var det ut for å rake og ry og plukke småstein. Ein kunne bli så trøytt så trøytt. Men så lenge ein får vere frisk og kan kvile er det ei stor velsigning å få arbeide..”

For mange år siden - jeg tror det var i 1990-årene - ble eldre på Sunnmøre oppfordret til å skrive en ‘minneoppgave’ om sine oppvekstår. Marta Ringset ville være med på denne oppgaven og skrev om sin oppvekst og sitt liv på Voksa og i Liabygda.

Jeg har tillatt meg å kopiere den her,slik at den lettere kan gjøres tilgjengelig for slekt og familie og for andre som finner stoffet interessant.

(I noen tilfeller var det originale dokumentet vanskelig å tyde - jeg har skrevet det jeg tror var Marta’s mening, men har merket denne teksten med en *)

Harald Sundlo

Minneoppgave for eldre (v. Marta Baade Ringset)

Eg hev fått det vesle heftet om minneoppgåve for eldre og eg kunne ha lyst til å vere med på denne oppgava.

Eg er fødd på Voksa i Sande prestegjeld den 23.4.1983. Foreldra mine var Fredrik Baade og kona Berthe f. Helland frå Sandsøy. Slekta til far kom frå Tyskland til Danmark og seinere til Norge.

I Trondheim var det ein Daniel Baade som var overvrakar. Son hans,Peter Daniel Baade vart teolog og seinere prost i Borgund ved Ålesund. Han hadde m.a. ein son, Fredrik Kristian Baade, som var premierløytnant i den danske hær. Til denne sonen kjøpte prost Baade Voksa med holmer og skjer.

Den gangen var det fire brukarar på Voksa og ein av dei, Askjel, budde på det bruket som Baade sjølv ville ha. For å få Askjel til å flytta , kjøpte han ein gard til Askjel på Hakallestranda på Håberg. Dei andre bruka var bygslebruk under hovedbruket.

Segjande segn seier at Fredrik Kristian ein gong var på Island på kartlegging og da møtte han henne som ble kona hans, Anne Snorresdottir. Dei budde på Voksa til sin død, han i 1852. Kona døyde i 1839.

Son deira var bestefar min, Peter August Friis Baade f. 1814 d. 1894. Kona hans var frå Sande, Marte f. 1813 d. 1905.

Far min var eldste son deira f.1858 d.1896.

Han var gardbruker og fiskar på Voksa. Han hadde eigen båt som han dreiv fiske med om vinteren - Sørabåt. Dei var 6 mann på desse båtene så det var vel nokre grannar som var med han og så hadde han eit par unggutar som ‘leigdemenn’.

Han var så laga at han ville vera med på det som ovra seg i tida. Mellom anna var han ein av elevene på fyrste folkehøgskulen som kom i gang på Sunnmøre.

Det var i 1880 at en teolog som heitte Skavlan fekk i gang ein folkehøgskole på Skodje. Diverre vart det berre to år den var i gang. Kva som var grunnen til at den varte så kort,veit eg ikke - om det var for lite elever,eller kva. Det kjem for meg at Skavlan vart prest ein eller annan stad,og det var kanskje årsaka.

Far var også ein ivrig gardbruker,og etter den tid å vere - så sa dei - dreiv han garden sin godt. Han var aktivt med i bygdepolitikken og var ein ivrig venstremann. Om sumaren var han fleire gonger på lange turar med fiskebåten på kappseglingar og stundom fekk han små premier.

Men det vart ein gong for mykje likevel. Somaren 1896 skulle han på ein kappsegling til Trondheim. Med seg hadde han de to eldste sønene sine, Peter og Kornelius, 14 og 12 år gamle, og to 18-19 år gamle gutar frå Gursken. På veg nordover møtte dei storm og dei kollsigla på Breisundet ut for Ålesund og alle saman kom burt.

For nokre år sidan reiste vener av far ein bautastein over han på heimgarden.

Det vart nok ikke lette dagar for mor etterpå. Ho satt att med 5 ukonfirmerte born, den yngste var ½ år gamal, og ein tungvint gard som ho hadde hovedansvaret for. Det var i alléfall ein ting vi borna fekk lære tidlig og det var arbeid.

Det er utrulig kva born kan gjera når dei må. Og vi måtte, skulle det gå, men den som måtte slite meist, det var mor, men ho hadde ein utruleg god helse og det hjelpte vel mykje.

Fyrste året hadde vi jamt tenestegjente og om sumaren ein dreng som slo graset og pløgde, og anna tungarbeid. Men sådde kornet var det jamt mor som gjorde. Vi vaks til noke om senn, så det vart vel meir hjelp i oss etter kvart.

Eg hadde ein god heim å vakse opp i og eg kom godt ut av det med brørne mine, så når eg berre passa på arbeidet eg skulle gjere, gjekk alt bra.

På holmene rundt Voksa var det mykje fugl, meist måse og ærfugl, skarv,teiste og anna sjøfugl. Måse var det nokså mykje av, så den plukka vi egg frå 3 gonger om vika i to viker kvar sort. Det var to måsesorter, Stormåse og Svartbak. Det var lettvint å selje egga. Folk frå Ålesund ville gjerne kjøpe meir enn vi kunne skaffe. Men vi syntes det var svært morosamt å få vere med å plukke egga. Ærfuglen plukka vi aldri egg frå. Der var det duna som var verdfull.

På Voksa var det den tida eg voks opp om lag 80 menneske. I dag er det vel knapt 40. Vi hadde ikke skulehus, men ein av grannene hadde ei høveleg stor stove og den fekk vi låne til skulestove.

Vi hadde den same læreren heile tida medan eg gjekk på skule. Han var frå Kvamsøy og var brorson til biskop Bernt Støylen. Han heitte Mathias Støylen. Han var lærar på Voksa og Hakallestranda med turar på 14 dagar på Voksa og 4 viker på Hakallestranda. Han var aleine om all skulen.

Han var vel ein flink lærar, litt turr kanskje, men flink til å halde disiplin; Når han hadde sagt ein ting, så var det lov.

Den einaste ‘skuleturen’ vi hadde den tida var, når det leid frem på våren, vi var på Hakallestranda i lag med skuleborna der på eksamen. Det syntes vi var svært til stas.

Det var mykje born der, så dei hadde fått seg nytt, stort og utrulig stygt skulehus.

På Voksa fekk vi skulehus 2-3 år etter eg gjekk ut av skulen. Det står enno, men no reiser dei få borna som er til Sandsøy, til det nye, moderne slottet til skulehus som dei har fått seg der.

Så var eg koma fram til konfirmasjonstida. Det var om somaren vi las til konfirmasjon. Konfirmasjonsdagen var alltid om hausten. Vi var 75 lesarborn det året eg gjekk for presten. Vi var i kommunelokalet på Larsnes der presten overhøyrde oss og samtala litt med oss. Presten var ein ung mann frå Oslo-området og han var framand på alle område her.

Eg har tenkt på det seinere, kor annerleis det hadde vore om han var litt kjend med dei ymse forhold på våre kantar, kor mykje meir verdfulle samtalene kunne vore. No var det om kyrkjelege ting som ungdomane forstod lite av, og så var det å pugge lekser. Hadde han snakka om ting vi kunne forstå, så hadde konfirmasjonstida vore til inspirasjon og glede for mange av oss.

Det er spørsmål om barndomsheimen,hus, storleik o a.

Vi hadde eit stort bustadhus. Truleg var det løytnant Fredrik Kristian Baade som hadde bygt det, då han som nygift flytta til Voksa. Der var ei svært stor stove som gjekk tvert over heile huset, og ho var måla. I enden var et smalare kammers som i mi barndomstid vart nytta til soverom for mor og for dei minste borna. Om vinteren var det dagligstove også, for dei andre roma var alt for kalde. Heile første høgda var svært høg under taket, så akkurat koselig var det ikke og med svært høge vindauge, så når vestaværet stod på, var det ikke akkurat mildver. På den andre sida av storstova var ein firkanta gang med utgang til det fri med ei halvrund mura trapp utafor og i ei skrå trapp opp på loftet.

På de andre sida var det ei dør til kjøkkenet og ei til spiskammeret. Kjøkkenet var avlangt med to vindauge, eit mot syd og eit mot aust Under det mot syd stod kjøkkenbordet med veggfaste benkar på to sider og en laus på framsida, så det var godt rom til mange menneska rundt bordet. Alle våre daglige måltid åt vi på kjøkkenet til kvardags.

På langveggen mellom kjøkkenbordet og grua var det ei svær tallerkenhylle som gjekk heilt opp under taket. Eg trur det var to hyller, med ei brei hylle i midten for store fat og ein smalare på kvar side for tallerkener.

Så var det grua; Den var romeleg, støypt - eller noko slikt - i botnen, og lenger oppe eit jarn som gjekk tvers over heile grua og som skjeringane hekk i. Det var nokre jarn som ein hengte grytene i. Det var hakk i dei, så ein kunne flytte grytene opp eller ned etter som det trongst. Så var det brannfoten, den måtte det også vere plass til. Det var ein rund ring av jarn med tre jarnføter på som ein sette mindre gryter eller panner på. Brannfoten var også god å legge bakstehella på, når ein skulle bake brød eller lefse, steike potetkaker eller svele på.

Golvet på kjøkkenet var steingolv og under vindauget mot aust stod eit lite bord nær grua og lenger borte ein benk som vi satte byttene med reint vann på.

Under tallerkenhylla var ein smal benk eller bord som kom vel med å setje frå seg ting.

Eg trur nok det hadde vore visse problem for dei som er vand med eit tip-top kjøkken av i dag å få gjere nokenlunde brukande arbeid i eit slikt kjøkken. Då eg var lita, var det ikke ein gong ein komfyr.

Oppe på loftet var det innreid litt mindre rom til ymse bruk.

Over kjøkkenet og spiskammeret var det to rom som skulle vere til klede. På det eine hadde mor eit par kister og kleda til seg og borna. Det var helst bestekleda som var der, kvardagskleda fant dei alltid ein krå til ein kvan annan stad.

Det andre romet var tjenarane sitt, der hadde dei kistene sine og bestekleda.

Lenger inne var eit stort rom som var soveromet til tjenestegjenta og dei største borna. På det loftet stod også vevstolen

Og så var det eit mindre rom for drengen

Lengst inne var gjesteromet med ei stor brei seng og ei diger dundyne i.

På myrkjeloftet hang alle sengklede fritt og luftig.

Møblar over heile huset var enklest mogeleg og minst mogeleg.

I storstova var der eit svært stort bord, eg trur nok at når det var heilt oppslege var det god plass til 24 menneske. Der var og eit mindre bord og eit skrivebord som vi til daglig kalla ’klaffen’.

Vi hadde og ein sofa og - over den - i rad og rekkje - gamle fotografi i myrke,ovale ramer og ein del stoler, eg trur knapt eg nokon gong talde dei.

Så hadde vi eit stort utskora skap av eik Det var 3-400 år gammalt sa folk som forstod seg på slikt. Skapet er i gården enno.

Eit lite stykke frå stova stod stabburet på høge stolpar, det var stort og romeleg. På stabburet var det bingar for mjøl og korn og hyller for flatbrød og lefse.

På svala - på den eine sida av stabburet - var det saltebaljar med kjøt og flesk, og på loftet hekk spekekjøtet.

Over tunet på den andre sida av vegen var det ein liten haug som vi kalte Borgstovehaugen og der stod den gamle borgstova. Drengestove eller tenarstove var vel rettare namn, for det var i alléfall some av tenarane som budde der den fyrste tida. Eine enden av huset var tillaga som eldhus med grue og der hadde det i si tid vore bakeromn der dei kunne steikje brød. Men det var ute av bruk lenge før mi tid.

I eldhuset tørka dei kornet før det skulle malast, og anna slikt arbeid.

Eit lite stykkje framanfor borgstova låg løda. Far min hadde bygt ny stor løde få år før han kom burt. Men dei bygde på ein underlig måte før; Eg veit ikke om det var eldsfåren dei ottas, eller det var for at at alt skulle vere så tungvint som råd var, men dei bygde aldri fjøsen i lag med løda. Det var berre hesten som fekk lov å vere der. Fjøsen stod eit høveleg stykke undas. Der var kyr og kalvar i eit rom for seg sjølv, og i eit skot på sida var sauene. I fremste enden av fjøset var der eit par romslige binger der det var rom for 2-3 griser.

Men alle desse dyra skulle ha mat og veret der ute ved kysten var ikke alltid ‘svartestilla’, så det var ofte eit slit. Mor laga vondlar til kyrne. Dvs ho tok ein bunt høy lengst inne og så tok ho halm og surra, så den var fast og god, og la rundt høyet. Det måtte jamnas vere 2-3 rullar med halm rundt ein vondel skulle den verte fast nok. Vi stakk dei oppover armene våre så mange som vi greide å få med oss, men det hende at stormen var så strid at han tok både oss og vondlene, så det var ikke alltid like lettvint.

Då bror min tok over garden, flytta han fjøsen - eller rettare - han laga ein fjøs inne i løda, så nå har garden 16 vaksne dyr og ein flokk ungdyr der. I den store høybruten bygde han to store siloer som tok mesteparten av foret som trengst, og og elektrisk grabb som tek siloen og fører den inn i fjøsen, så det vert ikke så mykkje slit som i gamle dagar.

Der fjøsen stod har han bygt eit arbeidshus der han hev hyvlebenk og anna som trengst i eit slikt rom.

Over vegen frå løda står huset der bestemor budde på sine gamle dagar.Då eg var 14-15 år, stelte dei noke på det og så flytte vi inn og budde der. Det var trivelegare der enn i den store kalde stova, den reiv dei ned og sumt av den kunne nyttas til andre ting.

Ned ved sjøen mot vest stod der eit naust med robåt og ymse andre ting, litt fiskevegn, garn, liner og slikt.

Ved ein hammar lenger oppe på bøen stod smia med tilbehør, og på den andre sida av øya mot aust var der sjøbud og eit nyare naust med to-tre småbåter og ymse sjøredskap.

Kostholdet i min barndom var enkle saker. Til kvardags og til middag var det mykje fisk eller sild, for det var slike ting vi sjøl hadde. Silda var jamnas spekesild, eller når det leid litt fram på våren, turresild - dvs flakt storsild som det var teken ryggen or og lettsalta og turka. Den likte vi borna særdeles godt med kokte varme poteter til. Stundom og litt tidligere var det boknesild, den var laga på same måten som turresilda, men ein brukte den tidligere, for den skulle ikke verte for turr og hard. Fisken var helst salta. Det kunne vere, når dei var på sjøen på småfiske og var så heldige å fiske noke - då var det alltid fersk fisk til middag med lever eller kams attåt. Kams lager ein av lever og mjøl til flate kaker som ein kokar i litt av fiskekrafta.

Vi brukte aldri koke av fisken som var fiska om vinteren, den skulle vere til klippfisk og seljas, det same skulle levera også.. Det einaste var torskehovud, det kunne vi av og til bruke til middag, men det var også seljande, så ein skulle ikke sløse med dei.

Attåt var det jamnast melkesuppe eller fiskesuppe og stundom brødbetar. Det var stykke av havreflatbrød med smør på.

Stundom kunne det vere potetball med surmelk attåt.

Sundag var det meist vanlig med kjøt, men dessert var det ikke i mine heilt unge dagar.

Grønsaker ver det helst brukt lite av, det kunne vere litt gulrøtter eller kålrabi, men kål var det lenge før det vart vanlig å bruke.

* Fire matmål var det kvar dag. Frukost når vi var ferdige med fjøsen, middag kl 12 (om sommeren var det alltid middagskvil 1 times tid for dei vaksne), nonsmat kl 5 og kveldsmat kl 9 *. Nonsmat og frokost var jamnast brødmat - lefse og potetkaker eller svele. Brød brukte vi sjeldan den tida, for vi hadde ikke steikeomn.

Til høgtidene steikte dei litt brød i gryter.Dei baka runde kaker og let dei heve seg. Når det var passelig, la dei dei i to gryter med tett lok over og hengde dei i skjeringane og la varsamt med varme under. Når dei var vel halvsteikte, måtte dei snuast og det kunne vere litt av eit problem å få det nøyaktig gjort.

Til kvelds var det graut av havremjøl.

Om lag alt av denne maten var heimlaga og heimavla, så det var svert lite som var kjøpt. Dei kjøpte litt grov og fin rugsikt til høgtidene, når dei skulle lage grytekakene og til jul vart det kjøpt litt rugkavring og vasskringle. Sylte eller saft kan eg ikke huske at vi fekk nokon tid.

Stundom kokte dei søst som vi brukte til pålegg på maten. Den var koka av søt skumma mjølk som dei kokte til ho fekk ein ljos brun farge. Då hakke dei oppi litt surmjølk og kokte det noke lenger, så hadde dei på mjøl så det vart som ein tynn graut. Dette var godt, især på lefser.

Då det leid utover 1905-06 var det som kosten vart litt betre. Vi fekk litt brødskive attåt til frokost og non og dei måtte vere av kjøpemjøl,for heime var det berre havre som var sådd. Det var sume som tok imot havre og pressa den til havregryn, det var svert til stas, men nokon daglig kost var det ikke. Men trulig måtte det vere litt rømelegare tider, sidan dei hadde råd til det.

Sjølvlaga medisinar hugsar eg ikke så mykje av at det vart brukt, men på Fiskå i Vanylven budde det en original som heitte Martinus Åsebø. Han hadde eit meisterleg lag å kurere ledd, så det var mange som reiste til honom om dei hadde fått ein hand eller ein fot ut av ledd. Han kunne til og med ta att det som doktoren ikkje greidde. Han prøvde seg stundom på andre ting også å skulle kurere, men det var han ikke så heldig med.

Ved barnefødsler var det oftest jordmor som hjelpte til og eg høyrde, dersom ho av ein eller annan grunn vart for sein, då laut ei av nabokonene hjelpe til, og eg høyrde aldri anna enn at det gjekk bra.

Sko og klede vi brukte i barndomen var jamt heimelaga. Tyet til kleda var heimespunne og heimevove. Det gjaldt både for gutar og gjenter. Frå fyrst var alt heimespunne og -farga, men seinere kom det fabrikker til som tok mot ulla til spinning. Så vart det svert mykje lettare.

Dei brukte veve mykje av kjoletyet med bomulls-renning, då vart det mykje lettare og tunnare.

Fyrste kjolen av kjøpety eg hadde var konfirmasjonskjolen min, og sameleis skorne.

I oppveksten var det ikke anna enn heimesydde sko av heimegarva lær. Det var fleire som dreiv som skomakarar i kvar kyrkjesogn, somme for rundt på gardene, andre sat heime * og arbeidde og det kunne ta lang tid * før ein fekk det ein hadde tinga. Dei sydde til og med sjøstøvlar av heimelaga lær og skorna vart halvola og lappa både to gangar og meir, så absolutt fine var dei just ikke. Men dei var billege og det talte mykje.

Det var og det at alle dei andre borna hadde det same og da følte ein seg ikke utafor og slapp å kjenne på det at ein ikkje var like fin som dei andre. Vi var alle saman vand med å bruke lite penger; om det var some av foreldra som kanskje hadde litt meir penger enn andre, så fekk ikke borna deira meir lommepenger enn andre av den grunn.

Lommepengar er kanskje eit litt flott uttrykk, for vi fekk ikke penger utan at det skulle vere til eit spesielt formål. Men det var likt for alle, så vi var like gode vener av den grunn.

Helge- og kvardagsklede var det nøgje skilnad på. Det var ingen som fann på å ta på seg sundagskjolen ein kvardag, men skulle ein gå av garden ei rend, så skulle ein heilst ta på seg litt penere klede enn dei ein bruka til ein vanlig kvardag.

Så var det sundagskleda og den beste var kyrkjekjolen. Vi reiste ofte til kyrkje om berre veiret var til det. Det var preike annan kvar sundag i Sande og i Rovde, som var annekset, og da skulle helst små og store reise. Det var robåt vi brukte og kyrkjeturen kunne verte både lang og kald, for frå Søre-Brandal, Hakkallestranda, Kvamsøy, Gjerdsvika, Gursken og Hallebygda var det ikkje berre småstubber om veiret var ein grand survore. Så attpå til sette seg inn i den store og høge, iskalde Sande kyrkje, det var ikkje like hyggelig.

Kyrkja var bygd i 1880, men det var langt over 1900, før det kom noke som heitte ovnar der. Sjølv siden dei var komne, skulle det mykje til, før det vart så mykje fyring at ein kjende noke varme av det.

Men det høyrde med til vanlig folkeskikk at ein skulle reise til kyrkje preikesundagene.

No er det bygd veg frå Voksa og til Sandsøy, så no kan dei berre setje seg i bilen og køyre til og frå.

*I heimane* budde foreldra og borna og tjenarane og jamnast besteforeldra. Som regel hadde dei eldre eit rom til stove og eit mindre kjøkken. Stova lyt gjere nytta som soverom. Var dei friske nok, stelte dei seg sjølve, men var dei eldre og skrøpeligere, så kokte husmora maten til dei og bar den ut i stova deira. Dei hadde kår på garden frå den tid dei gav han frå seg. Dei hadde 1 eller 2 og some opptil 3 kyr og 4-5 sauer, ei viss mengde korn og poteter. Somme hadde ein liten aker der dei fekk plante det dei sjølve ville. Så skulle dei og ha den ved dei trengte.

På Voksa var det berre torv dei nytta til ved og “ det skulle vere i god og forsvarlig stand og om nødvendig båret til ildstedet” hette det i eit gammalt skøyte. “Og dertil god og forsvarlig pleie i sykdoms og alderdoms dager”. Det var ikke Trygdekassa å lite på på den tida, den pleien “i sykdoms og alderdoms dager” kunne ofte vere ei tung bør for husmora. For mange slike kårfolk kunne verte liggende i fleire år, og vart dei dertil uklare i hovudet, så var det ikke lett for husmora.

Ansvaret for born og oppseding?

Det var i vår gard berre ein som kunne kome på tale; Det var mor. Så mange songar kan eg ikke hugsa at eg lærde av henne, det lærde eg helst av jamnaldringene mine, men ho lærde meg bordbøn og kveldsbøn. Ho formana oss om dei ymse ting, at det skulle vi gjere slik og slik og det skulle vi ikke gjere. Men straff for noke fekk eg aldri, ikke i form av juling i allefall, endå det var nokså vanlig på den tid.

Eg hugsar ein av grannene, dei hadde ein flokk born som så mange i den tida. Der hekk bjørkeriset på veggen over stovebordet og det var flittig i bruk også. Eg syntes det var fælt å tenkje på, om eg skulle fått juling av eit ris, men borna der såg det ikke ut som det gjorde så mykje inntrykk på. Det var akkurat medan avstraffelsen stod på at dei skreik, sidan hadde dei det like morosamt som vi andre og lo og leika seg i lag med oss. Og ikke trur eg ein bankar folk til bra menneske. Mannen min og eg gav aldri borna våre juling.

Bøker og anna lesestoff var der noke fra far si tid, mor syntes vel ikke ho hadde råd å bruke penger til slikt. “Sunnmørsposten” kom ut tre gonger om vika i Ålesund, den hadde vi i alle år, og så var det vel eit misjonsblad, for mor var med i ei lita forening or Det Norske Misjonsselskap som konene på Voksa hadde. Dei gjekk rundt i heimane til kvarandre om vinteren, ein gong om fjortendedagane eller tre viker. Det var vel den meste selskapeligheta dei hadde. Om det kom framande til gards frå ei av dei andre bygdene i kommunen så skulle dei alltid ha mat og kaffe. Og så var det slekta då som skulle bedast med visse mellomrom, og då skulle dei alltid ligge der eit par neter.

Trakteringa var det beste huset formådde, då skulle det ikke sparas på noken ting. Etter slik som det vert brukt i dag, så var det vel i grunnen enkelt allikevel.

Eg var nå ferdig med konfirmasjonen, og då vart eg halvt rekna som vaksen, så då fekk eg vere meir i lag med vaksen ungdom.

Men slik ei forskjel var det i grunnen ikke i førstninga. Vi var seks som var nokelunde jamnaldringar, tre gjenter og tre gutar. Vi hadde halde i lag før vi var konfirmerte og det gjorde vi sidan også. Det var ikke slik skifting på ungdommen med å reise ut som det vart seinere, no skal alle på skule eller på eit eller anna arbeid. Før var det for dei fleste av gutane sjøen og fisket dei stunda etter, og gjentene trongdest heime, eller dei tok seg ei tjeneste. Før var ungdommen mest i ro på Voksa, det var liksom det høvde ikkje å fare rundt i dei andre bygdene utan ein hadde noko serskilt å reise etter.

På Sandsøy, som låg nærest Voksa, tok den tida losjen IOGT til å veksa seg sterkere og så vart det slik at mange av ungdomane frå Voksa melde seg inn der. Og det var hyggjeleg for oss som ikke hadde vore med nokon stad før. Det var mest ungdom som var med, så det heile var stort sett som eit ungdomsmøte, frårekna den tradisjonelle opning og slutt og så formene kvar gong nye medlemar vart opptekne.

Vi hadde handskrivne blad, der vi kunne skrive om både det eine og det andre. Vi byttest om å vera bladstyrar, og så var det opplesing og diskusjon om ymse emne.

Der var nokre eldre medlemar i laget og sume av dei heldt stundom foredrag eller fortalde om eit eller anna. Og så var det mykje song.

Sandshamn var den tid eit stort fiskevær, så om vinteren var det mykje tilreisende folk. Handelsmennene på Sandshamn kjøpte fisk og sild til salting og turking, så dei hadde store sjøbuder. Når losjemøta var slutt, var der alltid ein eller annan av sønene til ein av disse handelsmennene og så gjekk det ordet, at om vi hadde lyst på ein liten dans, så kunne vi berre vere med han ned på sjøbua til faren, og det ville vi gjerne. Det var alltid einkvan som hadde eit munnspel i lomma eller eit trekkspel i bakhand. Vi syntes det var like morosamt som med dei flotte band og fine lokalar det skal vere no. Det kosta oss ikke ein øre, det også talde den tida.

Ein annan ting som også var festlig den tida, det var dei store stemnene om sommeren.

Sunnmøre frilynte ungdomssamlag skipa kvart år til eit stort ungdomsstemne for heile Sunnmøre. Det var jamt minst to landskjente menn som tala og stundom var det eigen ungdomsprest. Haugsøen var ungdomsprest i mange år.

Stemna vart som regel lagt til store bygder .Stemnet tok alltid til lørdagskvelden med fest og folk i bygdene tok som regel svært vel i mot oss. Vi laut gå rundt og spyrje etter hus for natta og folk var utruleg laglige. Mange hadde heilt fulle hus og sume laga til og med ‘flatsenger’ så det skulle vere rom for mange. Ei flatseng er halm som er lagd ut over golvet med klede oppå halmen og klede til å ha over seg. Det var nok litt provisorisk,men det rømde utrulig mykje folk på denne måten. Det var jamnas kjende frå same bygda som låg i ei slik seng, og ein sjølsagt ting var det, at alle skulle fare pent åt. Det hende til og med, at vi vart bedne til frukost på sume stader og endå tok dei ikke ein øre for hus eller mat.

Så slike bygder gjorde iallfall sitt til at stemna vart vellukka. Det var ikke noke uvanlig at der kunne vere 4-5000 menneske på eit slikt stemne og ein vart kjend med nye folk, og ofte vart det knytt band som varde for livet.

Dert var ein mann eg kunne ha lyst til å nemne i lag med ungdomsarbeidet og det er lærar Henrik Straumsheim. Han var ein ungdomsmann med liv og sjel. Han var frå Sykkulven, der han også var lærar fyrste åra. Seinare kom han til Møre Folkehøgskole i Ørsta, først som lærar og seinere som rektor.

Han var diktar, han har gjeve ut nokre små bøker med vers, og han var talar og songar og skapte fest rundt seg der han kom. Han som seinere vart mannen min, Nils E. Ringset, og Straumsheim var gode vener heilt i frå ungdoms år og, når han seinere kom til Liabygda for å tale på ein fest, var det ein sjølvsagd ting at han skulle bu hjå oss. Då vart gjerne natta litt kort, for det var så mange ting vi skulle snakke om at vi tenkte ikke på dagen i morgon.

Tilhøvet mellom kjønna?

Vi var, som før sagt, ein flokk ungdomar som heldt saman både når vi var små og seinere når vi vart større, men det var aldri anna enn vanlig vennskap mellom oss. Opplysninga om kjønnsliv var noko minimal. Det einaste eg kunne få greie på var det som dei to gjentene eg var i lag med kunne fortelle. Den eine av dei hadde en nokså frodig fantasi, så eg er ikke så sikker på om alt ho fortalte hadde så mykje verd. Mor snakka heller ikke om noke slikt med meg, og om læreren hadde teke opp seksuallivet som timar i skulen, så trur eg helst det hadde vorte pinlig for oss alle. Han kom aldri temaet så nær at vi tenkte på det ein gong.

Alkohol eller tobakk var lite brukt i mi ungdomstid. Mesteparten av ungdommen stod i losjen, så det var greit. Tobakk var det heller ikke så mange av ungdommen som brukte. Det var eit par gutungar som bruka skråtobakk medan dei gjekk på skulen, men det freista ingen andre til å ta etter. Far deira var svær å tygge tobakk, kanskje det var det som hadde freista dei.

Det var sume av dei eldre mannfolka som brukte litt skråtobakk, men ingen av ungdommen. Some gutar tok til å røyke litt pipe då dei vart meir vaksne, men det var ingen som brukte sigaretter. Eg var longe fullvaksa, før eg så ei gjente røyke en sigarett.

Politikk var i ikke så serleg interessert i at det vart noken diskusjon om det. Det var lenge før vi høyrde nemne meir enn to politiske parti, det var høgre og venstre. Folk flest ut over bygdene var venstrefolk. Det var ein og annan høyremann på våre kantar, men det var helst folk som var i ein spesiell stilling og som jamnast hadde litt betre økonomi enn andre.

Arbeidslivet for oss som vaks opp kring hundradårsskiftet og utover kunne ofte vere nokså stridt. Kvinnfolka måtte vere i lag med mannfolka på all slags utearbeid. Om våren måtte vi vere nedpå åkeren og spreie utover gjødsla, det var ikke kunstgjødsel den tid. Vi måtte jamne fora, når dei pløgde og mest mogeleg ta burt ugraset, vere med å sette poteter og anna slikt. Når slåtten kom, måtte vi vere med å slå med stuttorv i lag med mannfolka. Det var ingen der som hadde slåmaskin den gongen, så langhøyet slo karane med langorv og sette opp hesjer og hadde høyet bort til hesjene med høygaffel. Men, dersom dei var forkava, så kunne det godt hende at kvinnfolka måtte gjere det. Hesjing og *raking* var reint kvinnfolkarbeid.

Likeens i torvspadinga. Det skulle mykje til, når det var berre torv som var brukt til brendsel. Vi hadde ei stor torvløe som vi fylte kvar sumar, så vi hadde alltid rikelig.

Det var ikke alle som hadde torvhus, dei satte opp torven i stakkar, når han var turr. Det var som ri stor, rund såte med enden av langtorver rundt ytste kanten. Det var alltid mannfolka som spadde torven med eit særskilt redskap - torvspade. Den var av tre, men framste enden var av jarn og den var kvest, så det var lett å spade ut torver.

Myra var djup, ofte to- tre meter, så når dei byrja på ei ny torvhole, så la dei alltid noke arbeid på å få vekk smårusket nede ved kanten, så dei fekk ein glatt jamn benk å spade av. Dei spadde av moldleget på toppen så dei kom ned på sjølve torven. Dei spadde torven og løa den på nokre flate flakar som låg på ein hjulslede, så dei kunne køyre det til turkeplassen. Det var jamnast høveleg arbeid for ein halvvokstring. Å legge utover torva, det var jamnt kvinnfolkarbeid - likkeeins, når torven var halvturr, å “hyse” det. Då kunne også halvstore born vere med. Vi lødde opp torva i spesielle lag for at den skulle turke.

Ellest måtte vi som regel vere med i alt forefallende arbeid. Det var aldri snakk om betaling for slikt, for det var då heime og då var det sjølvsagt at vi skulle hjelpe til. Vi fekk då mat og klede i all enkelhet og det kom heller ikke frå lufta.

Då brødrene mine var vaksne, kjøpte dei ein liten motorbåt som dei dreiv fiske på.

Dei tok til med fiska først i februar. Først var det sild dei fiska og den stelte dei sjølve. Dvs det var heime frå sjøen ein av dei eldste karane som laga lake og fylte sildetunnene og slo i botnar og rulla dei bort så dei var utor vegen til neste dag.

Men å “gane” silda og salte den, det var det vi gjentene som var av slekta til fiskarane som gjorde. Det var ikke alltid like lystelig å halde på med det, for det var ofte både kaldt og surt. Men det fekk ein ikke tenkje på, for arbeidet måtte gå frå hendene i ein viss fart, så alt var ferdig og ryddigt til dei kom att frå sjøen.

I mars gjekk dei over til torskefisket og da var det same ståket opp att, med å “sløje” fisken og sortere rogn og lever kvar for seg og torskehovuda for seg sjølv. Ein av karane, som hadde eit serskildt handelag til det, var heime og “flakte” fisken dvs tok ut ryggbeinet på den og salta den i høge lad. Slik låg den, til fiska var slutt rundt påsketider. Etter påske skulle fisken vaskas. Dei fekk ein færing å sette inn på sjøbudgolvet og hadde den halvfull av sjø, så hadde dei oppi så mykje fisk som dei syntes var høveleg. Så hadde vi kvar si tvoge av garn som vi vaska fisken vel med på alle kantar og la den på ein langbenk så væta rann godt av. Slik låg den eit par dagar til væta seig godt av og sidan skulle den ut på berga til turking.

Eg har gløymt å nemne at, før vi vaska fisken så *bytte dei den.* Det var fire vaksne mann på båten og to leigdemenn. Dei vaksne skulle ha “lut” men leigdemennene - det var helst unggutar - hadde korkje garn eller anna reiskap og dei fekk fast løn, men ikke fisk. Dei skulle ha kost og losji hjå dei som dei fiska hjå.

Så var det å få fisken utover berga til turking. Det var mykje trakk med det også, så vi unge måtte vere med å hjelpe til. Først skulle den leggjast ut over berga om morgenen, i middagstid skulle den snuast og ved firetida skulle den samlast saman for å løast i store lad. Det var jamt eit mannfolk som lødde den i lad. Var det fint veir la dei berre ein presenning på toppen. Var det surare ver, så *hadde dei ein stor trehatt øvst* så fisken ikke skulle verte våt om det kom regn.

I mai var den som regel turr og så kom den store dag, da dei fekk løde den ned i motorbåten og reise til Ålesund for å selje den.

Silda og lever og rogn selde dei til ein handelsmann på Sandshamn som handla med slike ting også.

Vi gjentene hadde dreve med alt dette arbeidet siden fiska kom, menmen vi fikk ikke eit øre for det. Alle saman rekna det for sjølsagt at vi skulle hjelpe slekta vår og det skulle vi vel ikke ha betaling for. Men, når dei selde fisken, var det ein sjølsagt ting vi venta på og det var at dei kjøpte oss ein fin fiskegave, og det vart det som regel også.

Det var smått med skulegonge for dei fleste av oss. Eg hadde ei inderlig lyst til å gå Møre Folkehøgskule, men mor såg så mange vansker og kunne ikke forstå korleis ho skulle greie seg om eg skulle vere heimanfrå ein heil vinter. Enden vart at det vart ingen folkehøgskole på meg. Eg gjekk ein husmorskole i Ørsta og så fekk eg eit to månaders vevkurs og eit kurs i plantefarging. Vevkurset hadde eg mykje glede av og eg vov mykje, både til meg sjølv og til huset og ein god del til husfliden i Ålesund.

Då eg seinere gifta meg, laga mannen min ny vevstol og rennebom og anna, så eg hadde fullt nytt og godt utstyr.

Så var tida så langt koma, eg var trulova og skulle gifte meg med ein gardbruker frå Liabygda i Stranda kommune, Nils E. Ringset.

Bryllaupet stod på Ringset, for det høvde best slik.

Liabygda er ei lita trivelig bygd som ligg på ei hylle, om lag 200 meter over sjøen. Den tid, 1918, budde her om lag 250 menneske, dei fleste var gardbrukarar. Av ungdommen var det mange av gutane som dreiv som snikarar rundt i bygdene. Some v dei var gjerne heime ein tid midt på somaren og hjelpte til med slåtten og anna nødvendig arbeid, for dei hadde ikke så mykje maskiner den gongen å hjelpast med. Eg trur det var i 1923 eller -24 at vi fekk slåmaskin og nokre år seinere rakemaskin, og da var det vandlaust å få undan arbeidet.

Det var helst berre små gardar, 7-8 kyr, 14-15 sauer og hest. Dei fleste av gardene var lite oppdyrka og på mange var det overveldende mykje stein. Så det høvde kanskje ordtaket: ‘Steinrøys, steinrøys svelt i hel’

På garden Nedre Ringset var det 2 mann som budde, men som på så mange andre stader den tida stod alle husa i lag, det hadde dei sikkert gjort i hundrevis av år. Bøkene syner at her hev budd folk på dei fleste gardene sidan det 15 århundrene.

Det gikk som det brukte, at det var det var rundt der husa stod at marka vart oppbrota og åkrane låg. Her var molda god og alt voks godt, for bygda ligg rett i solbakken mot syd.

Bestefar gjekk og såg og tenkte på dette og fann ut at dette var ingen måte å drive gardsbruk på. Dei hadde kvar sine teiger om kvarandre som dei slo, med god eller dårlig mark. Han forlangte utskifting og fekk det også.

Første året han brukte den nye garden sin hadde han to mål med dyrka jord. Seinare vart det eit vanlig arbeid å bryte jord, så det mona da litt. I dei fyrste åra mannen min hadde garden, var det ein regel at han skulle bryte opp minst eit mål jord om året. Han fekk ofte leige ein eller to bygdegutar til å hjelpe seg. Dei tok til så tidlig som det var råd for haustarbeidet, for snøen kunne komme for tidlig på dei også.

Etter jul var det å køyre bort steinen. Dei bruka sleder av tre til å køyre med. Både meiane og tverrbjelkene på sleden var av tre. Eit år køyrde dei burt 1200 lass stein av eitt mål jord.

Smått om senn tok det til å likne på ein gard.

Det var ein ting som var bra her i bygda og det var skogen. Den vaks betre her enn andre stader og det kom vel med at dei fekk nokre kroner for skog som dei selde til andre bygder. Den var vel ikke alltid så vel stelt som den burde, det var fyrst dei seinere åra dei la seg meir etter det. All skog som vaks her fra fyrst av var furu. Det var fyrst, da dei tok til å plante skog at grana kom til. Men den treivst her godt. Ein forståsegpåer sa, at ho voks betydelig fortare her enn på austlandet.

Folket i bygda hev alltid halde godt saman, så her hev vore trivelig å bu. Dei hadde lett for å gå saman om tiltak som kom bygda til gode.

Ein gong vart her bygd eit lite bedehus. Den dagen det var innvigd, så var m.a. sonen til gamle poståpneren her. Han hadde studert og var komen til cand. theol.. Han hadde lett for å finne ord, når han skulle segje noke og då han fekk ordet på innviingsdagen, sa han m.a at dette bedehuset var sjølsagt ein god og gangleg ting, men han syntes vi burde stile litt høgare og byggje huset oppad til tårn og spir og utad til kor og alter.

I førstningen var det kanskje ikke så mange som tenkte så vel over det, men det drog på seg, etter kvart som tida gjekk. Folk tenkte vel på alle dei ufysne preikesundagane på Stranda vinters dag, og om ein skulle ha eit born til dåpen, så var det ikke alltid greitt å kome seg fram.

Då dei hadde spekulert over dette ei stund, så vart alle enige om at dei skulle prøve å få opp ei kyrkje - og så gjekk dei laus mann av huse.

Den fineste tomta dei kunne tenkje seg vart utleitt til kyrkje og kyrkjegard og alle som hadde skog skulle skaffe så og så mykje. Alle skulle skrive seg på for ei viss tid med pliktarbeid, og seinere skulle dei arbeide for ei rimelig løn, om det trengdest.

Byggmeister var ein eldre liabygdar som hadde drive mange år med husbygging og han kravde så lite for arbeidet at han trulig laut legge til en god del sjølv skulle pengene strekke til. Men den som gjorde mest av alle var den tidligere nemde cand.theol Lars Lied. Han hadde visst gjeve opp å verte prest, men han reiste i mange år som reiseførar til det hellige land. Han samla utrulig mykje npå turane sine og mange ting var modellar av ting som var i tempelet i Jerusalem - røykelseskar og små ljosestakar og mangt anna. På alterbordet er stort sett mesteparten av det som er der gåve fra han. Midt på alterbordet står ein Thorvaldsen kristusfigur, i koret heng ei stor og to små ljosekronor og i skipet to - alt saman gåver.

Preikestol og døpefont er også gåver. Preikestolen er utskåren av Arne Kinsarvik og dei tavlene var det Liabygda Ungdomslag som gav. Likeens i koret er det fire små vindaugo med glasmåleri, dei var det og ungdomslaget som gav. Seinare kom det til to store glasmåleri i dei to fremste vindaugo.

Til døypefonten, som ein utflytt liabygdar hadde laga, kom det eit flott døypefat i kopar frå kong Håkon og dronning Maud me H.M i fine initialer i botnen. Truleg er det Lars Lied vi kan takke for det også.

Då kyrkja vart innvigd i 1917 hadde ho kosta kr 6000, så det vart eit rimelig kyrkjehus.

Der var ikke orgel i kyrkja fyrste tida,men no er det eit bra eit for lenge sidan. Kyrkjeklokke var det nokon som gav, før kyrkja var ferdig, men det var lite pen klang i den, så - etter nokke år - vart den skift med ei ny.

Sjølv om ikke kyrkjesøknaden er som i gamle dagar så er vi i alle fall glad for at vi hev den. Mannen min og eg var fyrste brudeparet i kyrkja - det er også litt stas.

Og så er det at vi hev kyrkjegarden rundt kyrkja og kan begrave alle våre døde og gå dit og stelle gravene. Det er ein trøst berre i det. I gamle dagar måtte alle begravelser vere i Stranda ved kyrkja der. Ofte kunne det vere rusket å kome seg dit i styggeværet vinters dag, og visse problem var det med å stelle gravene og.

Ungdomshus hev vi også i bygda, og ungdommen var svært flinke i gamle dagar til å møte opp på festar og møte. Dei synte spelstykkje og hadde mange aktiviteter for seg. Nils E, mannen min, var formann i ungdomslaget i *10* år, sidan vart han så oppteken av med andre ting, at han hadde ikke tid. Men ungdommen låg alltid hans hjerte nær og kunne han gjere noko for å hjelpe dei med eit eller anna, så gjorde han det alltid.

Nil var ikke odelsgut på garden. Det var den tid at all ungdom skulle til Amerika skulle det verte noke stell på. Ei tid hadde han der *?* syskjen og berre ein av dei kom heimat og vart veranda i Norge. *?* var det to brør og ei syster heime, så då var det han som laut overta garden. Han likte gards- og skogsarbeid, så det låg lett for honom å arbeide med slikt. Men det var med honom mykje slik som med min eigen far; han likte å vere med i ting som forgjekk både her og der, så det var ikke alltid han vann over alt som burde gjerast på garden. Og det gjekk delvis ut over meg. Det kom vel med at eg var van med å arbeide frå ungdommen av.

Dertil kom at vi hdde tre kårfolk. Det var ikke folketrygd den gangen og heller ikke aldersheimer å flytte inn på heller, så vi måtte ha dei heime og stelle for dei så godt vi kunne. Det var bestemor til Nils, ho låg jamt og dertil var ho uklar i hovudet, så ho måtte stellast og matas som eit born. Eg skal ærlig tilstå, st eg syntes ikke det var lett å gjere det arbeidet alltid, for eg var ikke van med noke slikt. Ho låg slik i tre år, etter at eg kom til garden og, da ho døde, var det ein måned att til ho var 100 år.

*Far og mor til Nils* var friske og rørige dei fyrste åra og i sær bestemor var litt av eit arbeidsjern, så ho kunne ofte være svær til å hjelpe til med arbeidet.

I 1917 kom mannen min med i styret for Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag og i 1919 vart han formann. Den jobben hadde han i 27 år. Den tid var ungdomssamlaget eit særdeles aktivt lag, det var over 80 einskiltlag og mange lag var svært aktive. Dei fekk i gang ymse kurs og det høyrde liksom til at formannen skulle vere der på avslutninga, så ofte det berre var råd.

Dei fekk flinke talarer som reiste rundt i lag og heldt foredrag og alltid møtte det fram mykje folk og høyrde på. Ungdomslaga var litt av ein kulturfaktor i bygdene og alle rekna med ungdomslaget.

I mindre bygder var det jamnast dei som laga til festene som var; Ein fest 17 mai og ein om hausten, når dei tok til att med møta, og ein i jula.

Her i bygda hadde dei tre eller fire kvelder dei skulle få danse. Det gjekk alltid pyntelig for seg på dansane. Det var ingen som brukte rusdrikk på dans før.

Mannen min vart meir og meir heimanfrå. I 1917 kom han med i Stranda herdstyre og var med der i 30 år.

Borna kom til etter kvart og kravde sitt stell. Vi hadde fem born, tre gutar og to gjenter, men den eldste guten datt i elva og drukna då han var 4 år. Det var ei vond hending. Dei andre vaks opp og kom seg fram til bra folk.

Eldste guten hev garden, den andre studerte og vart meieriingeniør. Han er tilsett i Østlandske Meieriforbund, bor i Bærum der han hev hus og familie og hev det bra.

Begge døtra vart sjukesystre.Den eldste reiste etter nokre år til Seattle,der vi hev mykje slekt. Ho kom seg inn på eit stort sjukehus der ho seinere vart oversyster på hjerteavdelinga. Ho hev vore heime mange ganger, men ho vert trulig der borte all si tid. Ho vart gift der burte, men mannen døyde etter få år. Dei hadde eige hus i byen og ei hytte oppe i fjella, dit dei kunne ta seg turar om sundagane, når ho var fri. Ho hev to døtre som mannen hadde etter første ekteskap.

Den andre dottera vår hadde arbeid i Bærum, men då ho gifta seg, kjøpte de seg tomt til hus og hage i Asker og bur der.

Mannen min hadde bygt nytt og høveleg stort stovehus på garden eit par år før vi gifta oss, så vi hadde det bra i husvegen. Og så skøyte han på løa og bygde et par siloer så det var lettvint å legge i silo all etterslått og delvis litt av høyet og. Når mannen min var heime, var det heilt utrulig kva lag han hadde til å få alt arbeide frå hand og dei andre kom heller ikke sovende frå det.

Meir og meir følte han trong til å kome med i.

Møre Felleskjøp var eit forholdsvis lite lag dei fyrste åra. Nils kom med i styret og enda som formann. Slik var det oftest. Nils satt som formann der i 30 år og i Norges U.L var han også med i mange år, men ikke som formann, for der likte dei best akademikarar til den stillinga.

I Fylkesutvalget var han og med i mange år og i Møre Skogselskap var han også formann i 30 år. Då han same tida var formann i Sunnmøre Frilynde U.L så vart det planta ut mykje skogplantar dei åra.

Det var helst ungdomslaga som tok på seg å planta ut planter til private folk, eller det kunne vere teigar som kommunen åtte.

I Det Norske Skogselskapet var han også med, m a som formann i 5 år. I eit av de åra hadde det svenske Skogvårdforbundet 50 års jubileum og då var det Nils som skkulle representere Skogselskapet. I ein svær festsal var det ei forsamling på 1500 menneske, mellom dei utsendingar frå kongehuset.

Nils skulle halde tale og bere fram helsing frå Skogselskapet. Dagen etter var festen referert i Stockholms største avis, der det m a stod at utsendingen frå Norge hadde helde kveldens beste tale.

Så var det illegalt arbeid i krigsåra. Eg tenkte at han kanskje var med på slike ting, men eg ville aldri spyrje og han sa heldigvis ingen ting. Men etter krigen fortalde han om mange ting han hadde vore med på.

Til vanlig bruka han å fortelle om hendingar og folk han hadde kome saman med , så eg visste mykje om ting han hadde vore med på og interessante folk han hadde kome i lag med. Det var interessant for meg også og eg vart ikke dummere av det.

Vi hadde eit godt samliv og vi kom alltid godt ut av det med kvarandre. Eg sa ein gong til han, då han skulle på ein tur: “Eg kan ikke tru anna enn at du er meir burte enn heime” - “Å, langt i frå” svara han “Det er berre det at du tenkjer berre på dei gangene eg er burte, men du tenker ikke på alle gangene eg er heime”. Eg sa ingen ting, men då tok eg til å føre dagbok, skreiv opp når han reiste, kvar han skulle og når han kom heim att. Då synte det seg at eit år var han burte 240 dagar.

Då han var formann i Det Norske Skogselskap fekk han i stand byttereiser til Island. Norsk ungdom reiste til Island for å plante skog og islandsk ungdom kom til Norge. Dei turene var svært aktuelle på begge sider. Likeeins fekk han i ei høveleg stor hytte som gåve til islendingene. Ho vart oppsett nær Røykjavik på ein stad som heiter Skogsmork.

Han var tre gonger på Island og elles var han fleire ganger i dei tre ymse nordiske landa.

Den tid han var ordfører fekk han i stand løyve til å drive apotek på Stranda. Dt var ein svært god ting for heile fjorden, for næreste apotek var i Ålesund.

Likeeins var han til god hjelp, då sjukestova på Stranda vart bygd.Han var i Fylkesutvalget då og hadde eit godt lag til å fylgje med i dei ymse ting som vart bestemt.

Han arbeidde og mykje med husmorskulane.

På søre Sunnmøre var det ein humorskule i samband med jordbruksskulen i Syvde. Seinare vart den flytt til Ørsta, men på nordre Sunnmøre var det ingen. Dei hadde snakka om dette i samlagsstyret og syntes det burde gjerast eitkvart for å rette på dette. Det vart nedsett ei nemd med tre fra ungdomslaget og fire andre. Nils vart formann i nemnda. Han skreiv rundt til dei kommuner det kunne kome på tale om å vere med og alle stilte seg positive.

Fram på våren tok denne nemnda seg en tur rundt for å sjå på dei ymse stader som hadde sagt seg viljuge til å ta imot skulen. Dei kom då til at tilbudet fra Nordal kommune var best og garden dei hadde på hand på Linge var også den høvelegaste. Linge er ei lita fin bygd som ligg ned mot sjøen sydvendt og heile bygda er som ein frukthage. Det var eit barnlaust ektepar som hadde denne garden og husa på garden var høveleg store og velhaldne. Dei fekk skrive kontrakt med eigaren, L.P.Linge at ungdomssamlaget skulle få leige Linge til husmorskole i 20 år og skulen skulle heite Lyngvin Husmorskule.

Så lyste dei ut etter lærar. Gardstyrar og budeie skulle samlaget leie og eigaren skulle ha eit lite stykke jord til euge bruk og ein viss del av det som vaks på garden attåt den årlige avgifta.

Frå hausten 1921 kom Lyngvin Husmorskule i gang. Når ein samanliknar med andre husmorskular somkom i gang seinere, så kan ein vel seie at det varnokså beskjedne ting. Ma måtte dei fleste elevene bu rundt på gardene dei fyrste åra. Lærerinna fekk rom på skulen, men folket på Linge var hjelpsame og greie, så alle likte seg. Heile tida medan skulen var i gang var det alltid mange fleire som søkte om plasss enn det var rom til. Seinare bygde dei ei arbeidsstove med hjelpekjøkken og andre rom. Det vart plass til dei fleste elevene på skulegarden.

Ein av gardstyrkrane, Oskar Indreeide, var ein framifrå dyktig mann. Han fekk hagen i god stand og overskotet på garden kom vel med til skuledrifta. Han bygde også dei to fyrste drivhus som var bygde i Storfjorden for tomat og agurk.

Då det lakka mot slutten av dei 20 leigeåra spurte Samlaget om å få kjøpe Lyngvin, men brørne til eigaren - dei budde i Oslo - sa nei. Dei ville ha den sjølve. Kaptein Martin Linge var ein av dei. Det er reist ein bautastein over han på husmorskulen no.

Nå måtte Ungdomssamlaget på vidda og prøve å få i ein ny skuleplass, denne gongen var det Ørskog dei feste seg ved. Der var også eit barnlaust ektepar som hadde ein høveleg gard som dei ville selje. Men der måtte byggjast nytt hus.

Arkitekt Asbjørn Barstad laga teikningar til det nye huset. Nå var det tanken at den nye skulenskulle vere for 48 elever, så det var største husmorskulen i fylket. Den skulle vere ferdig 1941, men det var andre ting som hende då. Krigen var komen til landet vårt.

Dei hadde ordna og flytt til Ørskog alt dei skulle ha med seg frå Lyngvin, men tyskarane rekvirete skulen og dei karane nytta det lite å diskutere med.. Dei fekk i all stillhet berga undas noke av dei dyreste tinga dei hadde med seg.

På Amdam i Ørskog budde ein gartner, Jørgen Amdam. Han hadde i mange år drive med kurs i hagebruk og grønnsaker som han heldt på heimegarden sin. Noke tidligere hadde han bygd eit stort bustadhus som var så stort at alle elevene hans kunne bu der - 20 stk - og i kjelleren var det eit romeleg kjøkken. Han sende bod til ungdomslaget at dei kunne få leige huset hans, om dei ville prøve å halde fram med skulen. Det gjorde dei, så resten av krigen var skulen på Amdam.

Då endelig gledens dag kom at tyskarane reiste, så skulle samlagsstyret ta seg ein tur og se på tilstanden. Men den var ikke særlig lystelig. Huset var nokså grundig ramponert, så det måtte ei storvøling til, før det kunne bli skule att.

Og vølinga kom i gang. Det fortel noke, at den kosta meir enn heile huset gjorde, då det var nytt. Men då greidde ikke samlaget meir. Dei baud skulen til Fylket, om dei ville overta, og det gjorde dei.

Når samlaget hadde kunna brukt så mykje penger på husmorskulen før. Så var grunnen den, at ei hadde to gode kafeer i Ålesund som gjekk godt - Gjestestova og Kaffestova - og ein kasserer i samlaget som var særs flink til å stelle med pengene.

Det vart ei heller lang soge om husmorskulen, men det høyrer kanskje med til soga, at då husmorskolen hadde innviingsfest, var Fylkesmannen der og han gav Nils Borgerdådsmedaljen i sylv for samfunnsgangleg arbeid.

I 1958 fekk Nils “Den Islandske Falk” for arbeidet med skogen på Island og i 1971 “Frendetreet” for arbeidet med skogen på Island og i Norge.

Dette vart mykje om Nils, men vi var saman om mange ting og snakka om ting som han var burte i og som eg var enig eller uenig i. Men han var det sentrale i heile mitt liv, så eg kan ikke late vere å snakke om dei mange ting han var med på, og som eg og var interessert i.

I si tid var det han som kalla saman og fekk i gang Sunnmøre Museum på Borgundgavlen ved Ålesund, og det var han som bygsla og sidan fekk kjøpe dei 17 mål store jordstykke som museet står på av ei dame frå Ålesund, fru Jervell.

Han var formann i museumsstyret fyrste året, så sa han at det burde heller vere museumsfolk som hadde den stillinga. Men han satt i styret i mange år.

Det var mange andre ting han var med på, men det får vere med dette.

Vi hadde ein god heim. Om eg skal samanligne med barndomsheimen, så vil ikke dette verte på eit rett grunnlag; For eg visste ikke av noken far og om Nils var aldri så mykje heimafro, så var han både husbond og far og det var alltid han som bestemte i garden.

Vi snakka naturligvis alltid saman omdei ymse ting som skulle gjerast og ordnas, og om det ofte var eg som lyt syte for at ting vart gjort, så var det alltid han som bestemte kor det skulle gjerast.

Nils døde 11/2-76. Det vart lange og einsame dagar for meg då.

Før våre eigne born vart store nok, så hadde vi oftest tenestegjente og av og til om sonaren dreng. Kyrne var alltid på setra 10-12 veker og då måtte vi ha nokon som kunne greie med sætringa og mjølkinga. Sætregjentene gjekk fram om kvelden i 7-tida og kom heimatt om morgonen i *8 eller 9-tida*. På Ringsetsætra var det tre sædtregjenter, ei frå kvart bruk. Eg syntes at vegen på sætra var både bratt og tung. Ein lyt rekne med ein time å gå den opp. Men for alle gjentene var det ein sjølsagt ting at dei skulle gå på sætra. Det hadde helst vorte ein trist somar for dei om sætregonga ikke hadde vore med.

Ei helg kvar somar var det stølshelg. Då laga sætregjentene i kvar si gard til både det eine og det andre av det som godt var, og så bad dei gutane opp til gjestebod. Det var helst bare gutane som kunne kome, for dei andre gjentene laut gå på sætrene på kvar sine garder i bygda.

Det var og ein annan ting som høyrde sætrelivet til, dei kalla det ‘skyvjing’. Det var helst laurdagskveldane at to eller fleire gutar tok ein tur på ein av sætrene og så til gjentene og tok ein prat. Det var ikke god tone at ein gut ålene gjekk til ei gjente. Då måtte det helst vere meir enn vanlig kjennskap mellom dei.

Stølene såg som regel velstelde ut, og før - då vi slo utmarkslått - var stølen fineste slættet.

Vi hadde fleire stader vi skulle slå på i utmarka, og det var ikke alle stader graset var like verdifullt, men folk var nøysame og skrapa kvar ein bot. Karane slo og kvinnfolka raka og bar høyet saman til turking på laglige stader. Alle gardbrukarar hadde kvar si løe i utmarka, der dei hadde inn høyet, når det vart turt. I jula, eller like over nyttår, når det var passelig føre, tok dei ein dag til å køyre det heim. Sjølv om ikke alt var av fyrste klasse, så muna det i løa. For dei fleste hadde den skikken, at dei sette på meir dyr enn dei egentlig hadde for til, og kraftfôr var det ikke så vanlig å kjøpe den tida.

Mjølka bar dei heim

Fyrste åra eg var på garden, hadde bygda eit lite smørneieri ved elva framfor garden vår. Seinare vart det bygd ei avdeling av Sunnmøre Meieri på Stranda, så sende alle mjølka si dit. Vi køyrde den til sjøs og ein høveleg stor motorbåt gjekk runden rundt alle bygdene i Nordal kommune og Liabygda kvar yrkesdag og førde mjølka på Stranda.

Men, for nokre år sidan vart Strandameieriet nedlagt, for nå var vegane betre utbygd, så mange stader kunne dei køyre til Ålesund med store lastebiler.

Og då vi fekk skikkelige vegar i Liabygda, sender Sunnmøre Meieri rundt store tankbilar som hentar mjølka på kvar gard. På same tid fekk vi store avkjølingstankar til mjølka, så no er ikke risikoen for klassemjølk så stor som då det var dårlegare avkjølingsmåtar.

Korleis eg likar å vere pensjonist? Eg likar det godt. Eg hev vore bra frisk, så eg kunne vere med i det dag,lege arbeidet på garden, til eg var over 70 år. Sjølvsagt kunne eg ikkje arbeide som då eg var yngre, men det var mange ting eg kunne gjere, og så fall ikke tida så lang heller. Så hadde eg husstellet for meg og mannen min. Vi hadde ei lita kåreleilighet på 3-4 småvorne rom og kjøkken, så eg laga all mat sjølv, steikte brød og baka lefse, så eg hadde det så bra som eg kunne ynskje.

Etter kvart som han vart eldre, vart Nils løyst frå alle sine mange gjøremål, så han var meire heime og vi hadde det godt. Han var også bra frisk, så han kunne hjelpa til med ymse ting på garden.

Son vår hadde gifta seg og dei fekk etter kvart tre born og dei trongde pass og tilsyn. Dette var ofte høvelig arbeid for dei gamle og trivelig.

Ofte kunne det kome gamle kjenningar på visitt, det var særdeles kjærkomne. Då vart det mykje prat om gamle dagar og alt dei hadde vore med på og litt snakk om den nye tida med sine problemer som vi ikke alltid likte så godt, liksom alle gamle.

Noke av det beste, syntes vi, var alderstrygda. At vi fekk denne visse summen oppi handa kvar måned og slapp å snu på skillingen som foreldra våre måtte gjere, om dei skulle klare seg.

Organisasjonar er det i grunnen ikke så mykje eg hev vore med i. Eg har aldri vore så sterkt politisk interessert at eg hev vore med i slike serlag. Eg hev alltid vore venstremann - eller -kvinne, men stundom hev eg spekulert i om ikke andre parti kanskje kunne ha vel så mykje rett i sume av sine påstander.

Ellest hev eg vore med i ei forening for Det Norske Misjonsselskap og enda ivrigere i Helselagsforeninga. Eg synest det er så meir forståelig det som dei arbeider med og så ser ein meir resultat rundt seg av det arbeidet.

Då eg var yngre, var eg ofte med i ungdomsarbeidet, gjekk på møta, når eg hadde høve til det. Stundom kunne eg skrive lausbladet og eitkvart slikt, men - som eg har sagt før, så kunne eit ungdomsmøte likne mykje på et losjemøte, utan dei ritualar som var der. I ungdomslaget hadde dei ofte spelstykkje, men der var eg ikke med. Det høvde som regel ikkje for ei gardkone med born å gå heimafrå så ofte om kveldene for å vere med på øvingene som dei måtte gjere som skulle vere med i eit spelstykkje.

Men ungdomslaget var ein organisasjon som dei fleste såg med velvilje på og det var mange gode ting dei fekk gjort i bygda.

Om somaren var det som oftest ein tur hit eller dit. Det var som regel ein fjelltur, for vi hev fjell å velge mellom rundt i bygda.

Krigen i 1940-45 slapp vi etter måten bra fra her i bygda. Det var svært sjelden vi såg her ein tysker. Største grunnen til det var vel det dårlege vegsambandet vi hadde med andre bygder.Vi hadde ein gamal dårlig veg mellom Stordal og Liabygda. Det var alt. Om vinteren kunne den ikke brøytas ein gong, for ein liten heimelaga snøplog dugde ikke, om det var noke snø. Det som muna mest var om ein flokk stordalinger hadde tinga mykje furu her i bygda. Då måtte dei slå seg saman og hogge og kvista dei og løde dei saman i store lød. Når så veir og føre var bra, kunne det kome 14-15 mann med kvar sin hest og køyre furu over fjellet. Det var vel ikke stort lass dei fekk ta første gongen, men var veiret stødigt, så vart dei større etter kvart og då vart vegen også betre etter kvart.

Nå er det god veg like til Ålesund. For nokre år sidan vart det bygd veg til Valldal, så nå kan vi kjøyre dit og fram gjennom Valldal til Åndalsnes. Så nå ligg verda open for oss, og siste vegen som kom til var frå Stordalsvegen på Lehammaren til Gravanest med ferge åt Stranda, så no kan vi kome dit heile dagen, frå tidlig morgonen til seint på kvelden.

Bilar er det ein eller flere i kvar heim, så det er ikke som i gamle dagar at vi måtte bruka to dagar på ein snartur til Ålesund.

Så serlige problem hadde vi ikke i krigsåra. Arbeidsløysa slapp vi å tenkje på vi som hadde ein gard å arbeide på. Pengar hadde vi aldri noka overflod av, men det var vi vand med. Vi var også vand med å vere nøysome og ta vel vare på alt. Det som var det verste for mange var mat og klede. Dei som måtte kjøpe alt dei trongde var det ikke godt for. Rasjonering, vanskelig å få kjøpe skikkelige ting. Det brødmjølet vi fekk kjøpe den gongen det likna nesten ikke på mat.

På vår gard og elles i bygda var det bygg vi dyrka og det kan en ikke bake brød av. Men så fekk vi i litt kveitekorn og sådde. Den voks fint, så det var fine greier, når vi blanda det med brødmjøl så fekk vi bra brød. Nesten det beste av alt: Så hadde vi noke å dele med dei som ikke hadde, og det var nokså mange.

Mannen min hev aldri hatt så mange vener som under krigen. Nesten jamt, når han reiste av garden, trefte han ein eller annan som spurte så vent om han hadde eit eller anna slags mat som dei kunne få kjøpe. Ofte fekk dei, men vi skulle leve sjølve også så det var ikke alle som kunne få. Ikkje var det alle som var like flinke til å forvalte det dei fekk heller. Men det var ein ting vi aldri drei med og det var “svartebørs”. Det var å forlange ein urimelig pris for det dei fekk, eller å skaffe seg andre ting som dei gjerne ville ha i byte. Det var nokså usmakelig, men det var nokre som dreiv den trafikken.

Det var vanskelig for oss å skaffe dei pengene som skulle til, då vi kjøpte garden, men bestefar tok det ikke så høgtidelig, så vi slapp å låne dei pengene. Då mor mi døyde ei tid etter, fekk eg nokre penger i arv etter henne, så det var meir enn nok til betale garden med.

Det var ingen av våre som hadde den alderen at dei vart mobiliserte og måtte i krigen, men det var fleire unge gutar frå bygdene rundt her som måtte reise og ikke kom heimatt.

Noke organisert motstandsarbeid var det ikke i vår bygd, men det var heller ikke nokre ‘quislingar‘. Stort sett så kjende alle alle og då var det så greitt.

Mannen min var ordfører i Stranda under krigen og det kunne stundom vere eit problem. Etter at krigen var kome i gang, tok han seg ein tur til Molde for å rådføre seg med Utheim som då var fylkesmann. Han sa at Nils skulle reise heim att og halde fram som ordfører alt medan han fekk ordne seg som han sjølv ville, men han rådde honom til å vere varsam. Men så vart han avsett som ordfører i 1943, då han på Fylkestinget tala i mot nasifylkesmannen som ville ha Fylkestinget til å sende helsing til Quisling. Men helsinga vart i alléfall ikke send. På papir som kom fram etter krigen

K

om det fram, at han skulle arresterast i mars 1945. Kvifor det ikke vart gjort visste han ikke. Men det vart jubeldagar då krigen var over - og takksemd!

Her i bygda var det ikke mykje unggutane kunne ta seg til med, anna enn å arbeide på gardene til forelda sine. På Stranda var det kome i gang litt møbelarbeid. Det var P.L.Langlo som var av dei fyrste som fekk litt fart på det, han var komen seg til med noke i 1910-12-åra. Det såg ut til å gå bra, så han hadde fått seg opp eit par fabrikkbygg og tok inn gutar frå bygda der i arbeid, og litt om senn tok Liabygdarane til å få seg arbeidsplasser der burte og lika seg. Men ingen tenkte på at dei kunne ta til i Liabygda også.

Nils hadde ein systerson som vaks opp hjå oss. Han var fødd i Sykkylven og navnet hans var Leiv Furset. Bestemor tok seg ofte turar ut til dotter si for å sjå korleis dei hadde det og ofte hadde ho Leiv med seg ein tur innatt, og han lika seg godt her. Men då mor hans døyde i spanskesykja like etter vi vart gifte, tok dei med seg Leiv innatt for godt. Han vart som ein son i huset og han beundra Nils mykje. Han var ein gløgg og tiltaksom gut og då han vart noenlunde vaksen, vart han med nokke andre frå bygda rundt om i bygdene på snekkerarbeid. Han lika godt arbeidet, men han lika ikke å flytte frå bygd til bygd.

Det var i den tida at all slags nye fabrikker grodde opp som sopp rundt ikring og Leiv kunne godt tenkje seg å få seg til ein eller annan slags fabrikk. Han diskuterte sakene med Nils som rådde han som best han kunne, og enden på visa vart at han fekk tomt med Nils. Han fekk to kamerater frå bygda til å gå i lag med seg, og så bygde dei ein liten fabrikk. Ingen av karane hadde noka overflod med penger men med godtfolks hjelp kom dei i gang. I førstninga var det småting dei laga, som penalhus og slikt - som Småindustrikontoret tok i mot og selde. Det vr nok ikke så stor fortjeneste alltid.

Då det leid på, skulle den eldste av gutane gifte seg, og då sa han opp og reiste på Stranda og tok seg arbeid der, for det dei heldt på med var ikke noke å leve av, sa han.

Eit par år etter ville den andre guten også flytte, han reiste til Stordal og kom seg inn på ein fabrikk der, og så vart Leiv aleine.

No fekk han i eit par karar til hjelp og litt maskiner laga dei langt på veg sjølve og gjekk i gang med nokke enkle modellar av lenestoler. Merkeleg nok så gjekk dei bra unda så det vart litt penger også. Ein av dei modellene dei hadde var ein liten hybelstol dei kalla ‘Pål’. Den går godt enno og dei har seld over ein halv million av den stolen.

Litt om senn så utvida dei og fekk inn fleire folk og alt gjekk bra. Men ein dag slo lynet ned og heile fabrikken kom i brann og brann ned på mindre enn eit par timar.

No såg det vanskelig ut, men så fekk han med seg ein bygdegut som arbeide på Stranda, og i lag bygde dei ein ny og større fabrikk, fekk inn folk og gjekk i gang med stolproduksjon - og det gjekk bra. Dei kunne utvide etter kvart og til slutt fann dei ut, at kompanjongen skulle få kjøpe fabrikken og Leiv skulle bygge seg ein ny og større.

Den vart betydelig større, og taket var betong, så helikopter kunne lande der.

No hadde han 38 mann i arbeid og kameraten hans 14-15. Dei laut utanbygds etter arbeidshjelp, men mange av desse skulle ha hus og mat. Ein hybel var det alltid ei råd med, men det var verre med mat, for her fanst ikke ein kafe i heile bygda.

Enden på visa var at eg måtte til med pensjonat. Eg hadde så mange leigebuarar som det var råd og alle som trengde om det fekk full kost. Det var litt av eit ståk attåt det daglege arbeidet på garden, men borna voks til og attåt leigde vi ei gjente. Karane var greie og takksame og alt gjekk bra.

Om nokre år bygde Leiv eit internat med rømeleg kaferom og kjøkken. Det var ei fra bygda som styrde heile greia og ho hadde ei gjente til å hjelpe seg.

Ovanpå var det fire leiligheter som arbeidarane som hadde kone og born fekk leige.

Leiv gifte seg med ei av grannegjentene på Ringset og bygde seg ein vakker heim.

Nå hev svigersonen teke over fabrikken og sjølv har Leiv vorte pensjonist,

Det vart stilt i dørene på Ringset då arbeidarane slutta, men det var godt også.

Etter siste krig var det mange ting som vart annerleis enn det hadde vore før. Ma hadde folk litt meir penger mellom hendene, så dei hadde meir råd å kjøpe ting dei trongde om.

Det fyrste i vår gard var ein traktor og seinare vart det forhaustar, så det vart betydeleg lettare med gardsarbeidet. Nå var det ikkje så mykje raking og hesjing og anna tungarbeid for kvinnfolka. Nå går det meiste av høyet i silo, så då kan ein berre drive på til ein er ferdig. I heimen prøvde ein også å fylgje med så godt som råd var. Den elektriske krafta som i hadde fått til bygda for mange år sidan gjorde sitt til revolusjonen. Første byrjinga var at den vesle elva som renn gjennom bygd vart utbygd, slik at om lag halve bygda fekk elektrisk kraft. Men den var nokså mangelfull, for det var for lite vatn. Men då vi kom over på Tafjord Kraft vart det bra.

Det var kjøkkenet som merka mest ombota. Det vart nye elektriske komfyrar og mange andre ting som letta arbeidet og gjorde alt lettare og trivelegare. Det var lettare og trivelegare å å lage maten og lettare å variere den, når ein hadde ymse nye hjelperåder. Ymse slag kjøkkenmaskinar som letta arbeidet kunne no mest kvar mann få, som ein før ikkje kunne tenkje på, og ljos i kvar ei krå der ein før lyt famle i myrket - i sær vinters dag. Og varmeomnar så ein kunne regulere temperaturen, så det vart trivelegare både for folk og fe.

No, når folk fekk det lettare så trong ikkje ungdomen gå heime lengere fordi dei måtte hjelpe til. Så dei som hadde lyst til det kunne kome seg ut på skule eller i det praktiske liv å lære ting ein hadde lyst til.

Folket i Liabygda var stort sett av same miljø, den eine var ikkje så mykje rikare enn den andre og det sosiale miljøet var nokså jamnt, og vi tok gjerne ein prat med kvarandre om det høvde så.

Skulehuset i Liabygda var i lange tider både lite og umoderne, men det drygde og rakk, før det vart gjort noken ting med det. Men for nokre år sidan vart det flytt til ei ny tomt og oppsett eit nytt og moderne skulehus med fleire klasserom, stort gymnastikkrom og kjøkken. I gamle dagar var her minst 25 skuleborn og då var det ein lærar som greide med det som trongdest. I dag er vel ikkje så mange fleire born,men i dag er her 4 lærarar og kjøkkenlærar. Det er naturligvis fleire fag på skulen, men likevel vert det stor forskjell.

Så er kvinnene komne så mykje meir med i alle ting enn før. Some er vel dyktige nok til å vere med både her og der, men av og til ser det ut som dei er med berre fordi dei er kvinner, og det er vel ikkje tanken.

Likeeins ser det ut til at det sterke skiljet som var mellom manns- og kvinnearbeid før held på å kjem burt. No kan kvinnene gjere meist same arbeidet som mannfolka og omvendt.

Sidan fabrikken kom i gang vart det spurnad etter hustomter, for det var mange som hadde lyst til å byggje seg eige hus. Men det var ikkje alltid så lett å få tomt å byggje på.

Mellom gardane Lied og Overå låg det eit høveleg utmarkstykkje, dette vart utregulert til tomter, så i dag er det bygd mange pene hus og heile stykket ser ut som ein hage, for kvar steller pent til sine stykkje og det er ein lun og triveleg stad å bu på.

Ein ting som også er komen med den nye tida er pengeforbruket som er så mykje større enn før, i sær mellom ungdomen som brukar mykje penger til ingen ting. Ein veit ikkje så vel korleis tidene kan verte, så det kan verte leit for dei med silkevaner - eller uvaner.

Eg er vel snart komen til vegs ende med dette pratet mitt.

For to- tre år sidan tok folk i bygda til å snakke om at vi burte få oss ein liten alders- eller trygdeheim her i bygda også, for det var mange bygder omkring som hadde. No var vel Liabygda ei av dei mindre, men det ville vere hyggeleg om vi kunne få bu i vår eigen bygd på våre gamle dagar.

Etter noke snakk att og fram fekk vi ei tomt på hand og så var det å sende søknad om lån til Husbanken.

I fyrste omgang var det nei, men så kom det bod at vi skulle få lån.

Så vart det å setje i gang med bygging. Den skulle vere liten, berre ti eldre, kanskje alt for lite, men det vart no slik og 4 sept 1980 stod heimen ferdig til innflytting. Alle møblar og alt innbo anna enn det veggfaste hadde vi sjølve.

Enkelleiligheitene er ei stove med ein liten kjøkkenkrok, soverom og btoalett med susj og ein liten entre. I enden av gangen er det kvar si lita matbod og vi kan få inn ein frysar om vi vil. I kjøkkenkråa hev dei fleste kjøleskap og elektrisk komfyr.

Alle likar seg serdeles godt og alle er tkksame for at vi fekk kome hit.

All hjelp er frå bygda - slekt eller naboar - og alle pasientar er også frå bygda, og vi likar oss og hev det så godt som det går an å ha det.

M.R.

Etterord

Som nevnt ovenfor ble fabrikken som Leiv hadde bygget opp overtatt av svigersønnen etter Leivs død Men, etter en tid, viste det seg at svigersønnen ikke hadde de nødvendige egenskaper for å fortsette driften. Fabrikken ble slått konkurs, men boet ble overtatt av Jørund Ringset (sønn av Frøystein - Nils E.’s eldste sønn) - i samarbeide med to andre fra bygda. Og disse drev fabrikken i de gamle lokalene helt frem til 2007, da virksomheten i Liabygda ble nedlagt og fabrikkdriften flyttet til ledige lokaler i Stordal.

I dag drives det bilverksted i lokalene i Liabygda.

Asker 12 sept 2008

Harald Sundlo