FRØYSTEIN RINGSET

(Frøysteins egen historie)

“Når eg no er komen til ‘sjels år og alder’ kan det være litt morosamt å minnast kva eg har vore med på i mitt yrkesaktive liv, utanom garden.

Min fyrste ungdomstid var under krigen, og sjøl om vi ikke leid noko naud, så var det ikkje dei store ting som skjedde i ei avstengd bygd.

Eg fekk likevel med meg Møre folkehøgskule i 1943-44 og landbruksskulen på Gjermundnes i 1945.

Etter krigen vart eg etter kvart med i dei ymse lag i bygda og var også formann i dei fleste. Eg kan nemne ungdomslag (som då var svært aktivt), idrottslag, skyttarlag, bondelag o.s.b.

I tillegg var eg formann i byggenemda då ungdomslaget overtok forsamlingshuset i 1948 og stor modernisering skulle til. Det var ein hard jobb med mange dugnadstimer i tillegg.

Så var det å få ferdig idrottsplassen som eg stod føre frå 1952. Også her var det mykje dugnadsarbeid.

I det kommunale vart det etter kvart ein del av. 11 år i landbruksnemda, 4 år i forsorgsstyret (noverande sosialstyre), 12 år i kommunestytret frå 1968, 4 år i reiselivslaget som nestformann, og i mange år i kommunikasjonsnemda, siste åra som formann.

Då skulen vart utvida, var eg formann i byggenemda, var også med i byggenemdene for Geiranger skule og aldersheimen der.

Kanhende det medt interessante eg var med på var A/S Gravanesvegen. Fyrst (å mase) i kommunestyret, var medlem i førebuingsnemda. Så vart eg styremedlem frå A/S Gravanesvegen vart skipa, i 18 år til saman, siste åra som formann.

Det var spanande, for det hang i ein tynn tråd, men det gjekk bra til slutt. Også her vart det ein god del gratisarbeid.

I Stranda Sparebank vart det også mange år, 22 til saman. Fyrst i forstandarskapet, der eg dei siste åra var formann. Så kom eg også med i styret og var formann der i 8 år. Eg var også styremedlem i Sunnmøre Sparebanklag i 6 år.

Skog vart det ein god del . Styremedlem i Skogselskapet i 6 år og i Skogeiarlaget vart det 14 år. Der var eg med i Skogeiarforbundet i ei nemd i 2 år, ‘Om styringsorganet i forbundet’, det sokalla Kvandalsutvalet.

Då eg sluta, fekk eg Møre og Romsdal Skogeiarlag sin ‘Skogspris’ i 1986.

I Møre og Romsdal Fylkesskogråd sat eg i 14 år, 4 av dei som formann. Var med i nokre år i Samarbeidsrådet mellom Skogeiarlaget og Fylkesskogrådet, det same mellom Skogeiarlaget og Bondelaget.

I 1965 fekk eg vere reiseleiar for 70 norske ungdomar som var på skogplanting på Island. Det var ein ugløymande tur, då eg fekk reise rundt heile landet.

I styret for Storfjord Rutebilar A/S sat eg i 18 år, 8 av dei som formann.

Var i kontrollnemda i Møre Felleskjøp i mange år.

Skjøn i skjønsretten vart det gjennom ein mannsalder mange av, det same med lensmannsskjøn for naturskade.

Av alt dette vart det med åra ein god del reising, så eg fekk sjå mykje, både heime og ute. Men det kunne av og til bli litt hektisk. I 1972 hadde eg 150 reisedagar, so det vart nok dei heime som vart skadelidande, men det gjekk no på ein måte.

Liabygda 1995

Frøystein Ringset “

Svoger Harald Sundlo kommenterer 4 des. 2000:

Sommeren 2000 ble Frøystein rammet av slag. Etter behandling på fylkessykehuset og etterbehandling i Volda, kom han høsten 2000 til aldershjemmet i Liabygda dit også hans kone Peggy flyttet. Gården Ringset’s hovedbygning ble deretter stående tom.